5. jan 2026

Trening for bønder i Bjerkreim

Me veit at fysisk styrke og god kondisjon er avgjerande for ein aktiv kvardag på garden. Difor tilbyr Kraftverket, i samarbeid med Bjerkreim Bondelag, faste treningsøkter kvar onsdag i januar og februar – for bønder i Bjerkreim

Dette får du:

  • Styrke og kondisjon: trening i apparat som gir deg meir kraft og betre uthald i arbeidsdagen.
  • Personleg oppfølging: Kjersti er med kvar gong, rettleier og lagar eit individuelt treningsprogram tilpassa dine behov.
  • Trygg og sosial trening: Øktene skjer i styrkesalane våre, med god opplæring i teknikk og trening. Me tek utgangspunkt i Helsedirektoratet sine anbefalingar til styrketrening.
  • Kaffedrøs i resepsjonsområdet etter trening

Informasjon

  • Pris: kr. 100,- per gong, betal med Vipps
  • Onsdag klokkeslett: 10:00 – 11:00
  • Nødvendig utstyr: innesko, treningstøy, vannflaske og handkle. Tilgang garderobar.

Datoar

  1. Onsdag 7. januar
  2. Onsdag 14. januar
  3. Onsdag 21. januar
  4. Onsdag 28. januar
  5. Onsdag 4. februar
  6. Onsdag 11. februar
  7. Onsdag 18. februar
  8. Onsdag 25. februar
Påmelding til:

Send e-post til kjersti@kraftverket-as.no