Følg oss på facebook!

Opplæring i styrketrening for ungdom


ULIK TRENINGSBAKGRUNN: Ola Kristian Vinningland (t.v.) har trent ein del, Toivo Skutlaberg har aldri trent, mens Aina Bue har trent og trener mykje. Alle tre synest opplegget på Kraftverket har vore både nyttig og inspirerande. Foto: Keth Odland
Tekst og foto: Keth Odland, Dalane Tidende

Erfaringane med trening er svært sprikande i gjengen som trør meir eller mindre i takt med instruksane frå Kjersti Søyland Bye i spinningsalen på treningssenteret Kraftverket. Aina Bue, for eksempel; ho speler både handball og fotball og har treningsrom heime. Ola Kristian Vinningland fortel at han driv med kondisjonstrening på eiga hand heime. Toivo Skutlaberg seier det rett ut; han har aldri trent.

– Eg speler fotball på Bjerkreim J15 og handball på Ganddal J13. I treningsrommet heime har me tredemølle, sykkel og forskjellige vekter. Sjølv om eg trener ganske mykje til vanleg, har det vore nyttig å gå her på Kraftverket, for eg har fått mange gode tips, seier Aina.

Ola er einig.

– Eg pleier å trena ein del kardio heime, for det meste ute. Det har vore veldig gildt og nyttig å gå på Kraftverket.

Klar for kursendring

Toivo innrømmer at trening er noko han aldri har drive med, rett og slett fordi han ikkje har hatt lyst.

– Men eg veit jo at det er ganske lurt å trena, erkjenner han.

Nå endrar han kurs.

– Eg skal begynna å trena. Etter dette opplegget på treningssenteret har eg fått lyst til å melda meg inn og begynna å gå her fast, seier han.

Samarbeid Kraftverket-kommunen

Det er gjennom eit samarbeid med Bjerkreim kommune, med folkehelsekoordinator Line Pettersen i spissen, at dei av elevane på 8. trinn som har hatt lyst, har kunna delta på gratis fellestreningar på Kraftverket. Målet har vore å gi dei kunnskap om gode treningsteknikkar, sunne vanar og ein helsefremmande livsstil.
 

Éin gong i veka denne våren, totalt åtte gonger, har dei vore samla.

– Me starta samarbeidet i fjor. Tilbakemeldingane frå ungdommane som deltok då, var veldig gode. I år har oppslutninga vore endå betre. Forhåpentlegvis vil folkehelsegruppa i kommunen prioritera å bruka av folkehelsemidlane til å gi også neste års 8.-klassingar dette tilbodet, seier Line Pettersen.

– 25 av 39 elevar; det er kjempebra oppslutning, synest Kjersti Søyland Bye, innehavar av Kraftverket og instruktør for ungdommane.

Om kroppen og livet

Ho har bakt inn meir enn trening i opplegget.

– Me har hatt eit nytt tema kvar gong. Blant anna har eg snakka om å vera ein god venn, inkludering, god oppførsel og om å ha ein jobb å ta ansvar for. Sidan elevane har kome hit rett etter skuletid, altså fleire timar etter lunsj, har dei fått eit lite mellommåltid kvar gong; frukt, nøtter og rosinar, fortel Kjersti Søyland Bye.

Temaet på siste samling, som var denne veka, var kosthald og ernæring. Dei nyttige råda omkring dét var det Line Pettersen som serverte ungdommane.

I tillegg til helsegevinsten som ligg i det å trena, får ungdomsskuleelevane som deltar på opplegget, fordelar knytt til medlemskap i Kraftverket.