Difor tilbyr Kraftverket, i samarbeid med Bjerkreim kommune, barseltrening frå mars til juni.
Dette er eit trygt, tilrettelagt treningstilbod for deg som er gravid eller nyleg har fødd. Fokus er på trygg progresjon, meistring og treningsglede – i eit sosialt og inkluderande miljø der både du og babyen (opp til 1 år) er velkomne.
Tilbodet består av 8 treningar, annan kvar onsdag.
Me trenar i gruppesalen på matter, med pilates-inspirerte øvingar. Det er trygt å ta med babyen. Fokus er på kjernemuskulatur – bekkenbotn – rygg og hofter.
Øvingane blir hovudsakleg gjort med eigen kroppsvekt, med moglegheit for lette, valfrie vekter. Du får god rettleiing i teknikk og tilpassing av øvingar, slik at treninga kjennest trygg – uansett form, erfaring og utgangspunkt. Gruppa er lita, og det er god plass til spørsmål, latter og fellesskap.
Kvifor bli med?
Barseltrening er ei investering i eiga helse. Du byggjer styrke, førebyggjer plager og skadar, og legg eit godt grunnlag for ein aktiv kvardag med barn. Samstundes får du møte andre i same livssituasjon – noko mange opplever som både motiverande og verdifullt.
|
Informasjon Pris: Tilbudet er GRATIS For kven: Gjeld innbyggarar i Bjerkreim kommune Tid: Onsdagar kl. 11:30–12:30 (annan kvar onsdag) |
Datoar Onsdag 4. mars |
||
|
Eg er sjølv firebarnsmor og har hatt barseltrening i fleire periodar. Eg har lang erfaring som instruktør innan både kondisjon og styrke, og har ansvar for både gruppetimar og eigentrening på Kraftverket. Med 23 års erfaring som instruktør veit eg kor utfordrande det kan vere å finne tid til seg sjølv og trening i denne livsfasen. Samstundes veit eg kor mykje faste treningstider og fellesskap med andre kan bety for motivasjon, fremgang og treningsglede. |
|||
